EU-kontroll – eller Periodisk Kjøretøy Kontroll (PKK) som er det offisielle namnet – kan takast hos oss dersom du har personbil/varebil under 5000 kg. Er bilen tyngre enn 5000 kg anbefaler vi at du tek kontakt med Bertel O. Steen i Ålesund. Det same gjeld for kontroll etter reparasjon av manglar.


Bilar brukt i næring, til dømes taxi, og bilar som er registrert som minibuss skal kontrollerast kvart år.

Pris for ein PKK er 900.- (pr. 11.03.2021 – lette kjøretøy)

 

Reparasjon av merknader funnet på PKK og Etterkontroll kan utførast hos oss sjølv om du har fått utført PKK ein annan stad, du må da ta med kontrollpapira du fekk hos den andre verkstaden.

Dersom du ønske å reparere eventuelle merknader funne på PKK sjølv, kan vi ta etterkontroll.

Pris for berre etterkontroll er kr. 350.-

Sommar / vinterdekk

Statens Vegvesen anbefalar:

Siste frist for å legge om til vinterdekk er 01. november, men dersom vær og føreforhold tilseie det kan du legge om til vinterdekk tidlegare enn 01. november.

 

Siste frist for å bytte om til sommardekk er første måndag etter andre påskedag.

Men dersom vær og føreforhold tilseie det kan du køyre med pigg dekk etter denne dagen.

 

Ring gjerne i god tid og bestill tid for å bytte om dekk da det som regel er litt kø ho oss.

Pris for å bytte til sommar eller vinterdekk er kr. 399.- (pr. 01.11.2018)

 

Krav til dekk i vinterperioden

Mønsteret på dekka skal vere minimum 3 mm djupt uansett dekktype.

Piggar er bare tillate på vinterdekk (unntak for motorsykkel)

Kjøretøy til og med 3500 kilo må ha piggdekk på alle hjul dersom du vel piggdekk. 

Utanom vinterperioden skal mønsteret  være minimum 1,6 mm djupt.

 

Råd og anbefalingar

Sommardekk med mønster under 3 mm djupt skal ikkje brukast på vinterføre.

Det er ikkje krav til bruk av piggdekk i vinterhalvåret.

Piggfrie vinterdekk på sommarføre har dårlegare eigeskap enn sommardekk på våt asfalt.

 

Dekkhotell – vi har god pris på dekkhotell, 1250.- pr år inkl. hjulskift 2 ganger.

 

Lyspære

Vi skiftar lyspære på dei fleste bilar medan du venter, men der er nokre bilar som vi må bruke lengre tid på å skifte og som da treng verkstadtid. Bilar med xenonpærer (gir blått lys), eller bilar med spesialpærer,  må kontakte oss for bestilling av pære da vi ikkje har desse på lager.

 

Innlevering av bil

Skjer vanlegvis i opningstidene, men det er mogleg å levere bilen utanom opningstidene. Vi har ei brevsprekke til høgre for kundemottak-døra der du kan sleppe inn nøkkelen. Merk den gjerne med bilnummer eller namn. Obs! all parkering rundt verkstaden skjer på bileigars ansvar.

 

Dersom du ønske å vente på bilen medan den er inne til reparasjon eller kontroll ber vi deg om å kome så tidleg som mogleg om ikkje anna er avtalt, vi opnar  klokka 08.00.